Irene Fanebust Eknes

Eknes A/r/Tografi

Artist Researcher Teacher

A/r/tografi

A/r/tografi skildrer tre roller eller identitetar: Artist (A), Teacher (T)  Researcher (R). I fylgje Stephanie Springgay og Rita Irwin er relasjonane mellom dei det sentrale, med «Art» som aktivitet og produkt, og «graphy» som tekst.  Springgay og Irwin seier utdannarar som ser på seg sjølv som a/r/tografar, er dei som er dedikert til å lære, undervise, forstå og tolke innafor fellesskapet av lærande. Kunst i denne samanheng er oppfatta som sanseorienterte produkt, forstått, tolka eller stilt spørsmål ved,  gjennom pågåande engasjement og møter i verda. Kunstnarar er derfor forplikta gjennom skaping, transformasjon og motstand. Eit kompleks mellomrom, der hangen til utforsking drar oss mot identiteten som forskar. (Irwin&Springgay,2008, s. xxv)